Hjem

Nyheter

Gjestebok

Norges Handball Forbund    Stord Handball    Vikhaugane Stord Sportssenter   Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité

Håndballmagasinet

K-HMS-Manual

Treningstider Sagvåg Skule

Andre aktiviteter

Trenere og oppmenn (Begrenset tilgang)

Bilder

Historie

Solidhuset
 

 

SODUKO
Et spill for hjernen


Solid sitt 13 års lag puljemeister



1 april vart Bremnes feidd av banen med 25-2 og Solid sine jenter kunne strekke nevane i veret og vite at dei hadde vunne serien utan å tapa ein einaste kamp. I løpet av dei 12 seriekampane har laget vunne 11 kampar og spela ein uavgjort. KJEMPEBRA!

Trenarane hadde lova fest dersom dei vart seriemeister og fredag 7. april vart alle invitert til Reidun og Marte for ein skikkeleg seiersfest.

Jentene hadde pynta seg i sin finaste stas og var så flotte!

Jentene fekk servert mat (taco og pizza) og under måltidet holdt Marte tale til laget. Her snakka ho om kor stolt ho var over å få lov å trena ein slik treningsvillig gjeng. Ho er veldig godt fornøyd med korleis laget har utvikla seg. 

Det vart delt ut t-skjorter til alle .

 I tillegg fekk Silje premie for årets toppskorar (86 mål) Guro - årets kaptein, og Sunniva fekk premie for spelaren med best utvikling gjennom sesongen.

Guro og Emilie talte på vegne av laget og sa nokon fine ord til oss trenarar. Me fekk ein kjempefin blom frå laget! Dette sette me stor pris på.


 


Reidun viste laget KORT APPLAUS og me tok mange slike i løpet av kvelden.

Etter IDOL hadde me pakkeleik, verdens mest urettferdige leik, men dog utruleg artig.

Jentene holdt det gåande til kl. var 24, då var dei så trøtte at dei gledde seg til å få legga seg. Men eg håper og trur at dei la seg med eit smil rundt munnen og tenkte på at dei hadde hatt ein flott kveld i saman med gode venner!


Helsing Reidun og Marte

Sesam Katapult

 


Sist modifisert: March 22, 2007