Håndballmagasinet
Treningstider Sagvåg SkuleAndre aktiviteterTrenere og oppmenn (Begrenset tilgang)BilderHistorieSolidhuset
|
Solid sitt 14 års lag.2006 / 2007 Bak frå venstre: Victoria J Quam, Sunniva Ø.
Næss, Guro L. Dreyer, Lisa Folkedal, Silje Frank. Solid sitt 14 års lag har starta serien Fredag 17. september reiste laget til sin første kamp for sesongen. Motstandar var Os 3. Det var tydeleg at jentene var nervøse føre kampen og var usikre på kva som møtte dei. Dette kom diverre alt for godt fram på banen og jentene klarte aldri å få skikkeleg tak på eit forholdvis godt os lag. Me reiste heim med tap 20-15. Laurdag 23. september var me klare til å reise på to nye bortekampar. Denne gongen mot Tertnes 1 og Åsane. Jentene hadde friskt i minne kampen mot Os helga før, og var veldig lystne på å heva seg. Først ut var møte med Tertnes 1. Kampen var tett og laga skifta på å leia dei første 10 minutta. Så fekk Solid fira to minuttar utvisningar i løpet av kort tid. Desse utvisningane kom slik at me i desse periodane kun hadde 4 utespelarar. Desse minutta er det råaste eg nokon gong har sett eit lag spela forsvar og dei klarte å halda uavgjort i begge periodane. FANTASTISK! Når me hadde funne ut av kva linje dommaren hadde lagt seg på, gjekk resten av omgangen fint og me leia 8-5 etter første omgang. Andre omgang var det Tertnes sin tur til å få utvisningar, men dei klarte ikkje å stå imot og Solid tok kommandoen i kampen og vann til slutt 19-11. Denne kampen vann me på grunn av eit fantastisk forsvarsarbeid. Ein time etter Tertneskampen gjorde me oss klar til å møte Åsane. Åsane hadde møtt Tertnes helga før og slått dei ganske mykje. Me visste difor at viss me skulle klare å slå desse måtte me heva oss endå eit hakk, spesielt i angrep. Jentene er fantastisk flinke til å null stille seg og gløyme det som har skjedd og kun ha fokus på det som skal skje. Me tok med oss det gode forsvarsspelet inn i kampen og rundspelte Åsane. Me hadde ein fantastisk heiagjeng på tribunen som hjelpte jentene fram mot seier 24-13. Ein imponerande innsats av både spelararane og foreldra som var med. Me gler oss til fortsettinga! Helsing to stolte trenarar Reidun og Marte |
|
|