Sterk Serie Opning av Gutter
12.
Serie opninga mot Stord starta med ein første omgang prega av respekt og ikkje
heilt trua på eigne prestasjonar.
Men gutane tok tak i det, og utover andre omgang sette dei sjansane sine og
snudde kampen frå 8-6(pause) til siger 13-17 .
Oppskrifta var enkel : tørre og utfordre/avslutte og knallhard jobbing i
forsvar.
Gutane viste begge deler i andre omgang.STRÅLANDE ! Kamp
mot Nord
Med ein god arbeidssiger i minne etter lørdagen, hadde Solid Gutane det klart
for seg kva som måtte til når dei møtte NORD.
Dei gjekk på banen og styrte kampen i frå første stund.
Dei var aldri trua, og viste kjempe innsats i forsvar. Framover var det med stor
glede og sjå att samtlige spelarane kom til avslutning.
Me kan trygt sei att dette var ein lag seier. Og med god hjelp frå foreldre og
supporters på tribunen blei det ein fin ettermiddag i Norheimshallen.
Slutt resultatet blei 10-23 til Solid.