Solid sitt 14 årslag hadde sosial samling med grilling hos trenarane laurdag 19.
august. Før grillfesten informerte Marte om opplegget for hausten og peikte ut
kaptein og tillitsvalgt. Som i fjor vart Guro Dreyer peika ut som kaptein. Ho er
veldig flink til å motivere laget og er flink til å å sette krav både til seg
sjølv, dei andre spelarane og til trenarane.
I år er det første året me har valgt å ha tillitsmann(kvinne). Bakgrunnen for
dette er at me ønskjer at spelarane skal få vera med å bestemme opplegget til
cupen i Danmark i påsken 2007.
Denne personen skal vera med på møtene med trenar og oppmann og koma med innspel
til kva me skal gjera i lag under opphaldet.
Valget av tillitskvinne vart Lisa Folkedal.
Nytt i år er at me skal trena med Stord sine 14 års jenter om mandagen. Grunnen
er at vårt lag kun fekk ein treningsdag i veka, noko som er for lite på dette
nivået. Onsdagar legg me opp til utedag (jogging ++). Torsdag trener me i
Rackethallen.
Me gler oss til å få til eit treningssamarbeid med Stord og trur at dette vil
bli veldig kjekt for begge partar.