Hjem

Nyheter

Gjestebok

Norges Handball Forbund    Stord Handball    Vikhaugane Stord Sportssenter   Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité

Håndballmagasinet

K-HMS-Manual

Treningstider Sagvåg Skule

Andre aktiviteter

Trenere og oppmenn (Begrenset tilgang)

Bilder

Historie

Solidhuset
 

 

SODUKO
Et spill for hjernen

 

Stadig aukande interesse for handball, men alt for få treningstimar i hallar på Leirvik til rådvelde.06.11.2006.....Utdrag fra innsida.no skrevet av Steinar Hystad.

Mykje god informasjon på MOK-høyringa

Fakta frå kommunedelplanen tilseier storstilt bustadbygging og aukande folketal i Sagvåg, som dermed held posisjonen som den nest største tettstaden i heile regionen.

Faktatal for Solid viser 1200 medlemer totalt, 800 under 19 år - og stadig aukande interesse for handball, men alt for få treningstimar i hallar på Leirvik til rådvelde.

Av Steinar Hystad
steinar@innsida.no

Informasjonen frå Ivar Rykkje fortalde at Solid jobbar svært seriøst for å få realisert hallplanane i idrettsparken på Nysæter. Prosjektnemnda likte godt fleirbrukshallen dei besøkte på Tysnes, og har brukt den som mal for planarbeidet vidare. Grovkalkylen seier vel 25 millionar kroner, utan at det var sett fram krav om slike summar på høyringa torsdag kveld. Idrettslaget er klar over den økonomiske kommunale stoda også har solide følarar ute i næringslivet, og satsar på dugnad - men bad om at kommunen måtte bli byggherre, sidan det er momsmessig gunstigast. Når anlegget er godkjent, vil spelemidlar etter reglane ta ein tredel av kostnaden.

På høyringa møtte Ruth Alsaker frå Eldrerådet, og tala varmt for at det på miljø- og kulturbudsjettet måtte leiast etter midlar, eller ordnast på ein stilling, slik at institusjonar for eldre kunne tilførast ressursar til kulturell aktivitet. Gjerne eit samarbeid mellom kultureininga og frivilligsentralen som kunne gjeva ventetimar på institusjonane eit innhald.

Stord Motorcrossklubb kom heller ikkje med dei store konkrete pengekrava, men bad om at den sårt sakna reguleringsplanen for Hustredalen der crossbanen ligg, måtte gjerast ferdig. Utan plan er det vanskeleg for klubben å utvida med ønskt bane for dei minste, setja opp eit klubbhus eller gjera andre ting. Interessa for cross-sporten har auka mykje, og medlemstalet har på få år gått frå 16 til 160. Motorcrossklubben har ein omsetnad på 250.000 i rår – inkludert 1500 kroner i støtte frå kommunen.

Her kunne leiaren i Stord Idrettsråd, Berit Tverborgvik, følgja opp med tal som viser kva for storslått dugnadarbeid som vert drive for å halda idrettshjula i gang i kommunen. Ho møtte som representant for 31 lag med 6000 medlemer, 3500 av dei mellom 6 og 19 år, som samla får 31.000 kroner i driftsstønad. Tverborgvik sa vidare at rådet har ny hall for Solid på førsteplass på investeringslista, så kjem hallen for kampsport. Difor undra det rådet at volleyballhall i Prestegardsskogen hadde fått plass i økonomiplanperioden. Til dette opplyste rådmannen at denne var tenkt som idrettshall for Nordbygda U-skule.

Tore Lande Moe informerte innleiingsvis om museumsreforma og Sunnhordland Museum generelt, og om oppbygging av Stord Maritime Museum på Nattrutekaien spesielt. Museet har brukt 1 million av eigne fondsmidlar til innreiing og oppbygging av utstillingar. Han gav ros til den trufaste venegjengen som ein dag i veka jobbar med motorane og deler av ei stor fagkunne på området. Han minna dei folkevalde i miljø og kulturkomiteen om at museet driv i leigde lokale på kaien, og at ein her treng kommunal pengestøtte.

 

Sesam Katapult

 


Sist modifisert: March 22, 2007